ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Oljeproduksjonen kom i gang julaftan 2016. Aker BP ASA, før Det norske oljeselskap, er operatør for Ivar Aasen-feltet. I Språkåret 2013 gjorde selskapet ein femårig samarbeidsavtale med Nynorsk kultursentrum. Den avtalen har selskapet brukt aktivt, og typisk nok er Ivar Aasen-boksaren frå Aasen-tunet til sals ute på plattforma.
– Knapt noka næring i Noreg er meir politisk regulert og styrt enn oljebransjen. Den avtalen vi gjorde, viste seg å vere god for både oss og selskapet. Gjennom dette prosjektet har mange tusen menneske kome tett på historia om Ivar Aasen, så tett at nokre medarbeidarar i prosjektet jamvel har trudd at det var han som grunnla Det norske oljeselskap, seier Grepstad.
Torgeir Anda har vore ein profilert mediemann i ei rekkje aviser frå Dagbladet via Nidaros og Sør-Trøndelag til Dagens Næringsliv, og var kommunikasjonsdirektør i Det norske oljeselskap 2008–2014. Anda har skrive fleire bøker og driv no firmaet Anda kommunikasjon. No som før er han også ein profilert Venstre-politikar.
Det var i 2008 at det blei funne olje 175 km vest for Karmøy. Feltet fekk namnet Ivar Aasen-feltet i desember 2012. Utbygginga har vore den største i regi av eit norsk selskap utanom Statoil på mange år. Investeringane er kostnadsrekna til 27,5 milliardar kroner. Feltet inneheld truleg 190 millionar tonn oljeekvivalentar, og produksjonen kan kome til å vare i 20 år.
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no