Bokslepp - Runde fyr!

Alle rettigheter: Harald Jarl Rundes. Selja Forlag.
Alle rettigheter: Harald Jarl Rundes. Selja Forlag.
Harald Jarl Rundes bok om Runde fyr "de Søfarande til Hielp og Tieneste" gjennom 250 år på Runde Grendahus, Runde. Forfattar og forlag presenterer boka. Sal og signering bøker. Ta gjerne med slekt og kjentfolk. Enkel servering. Torsdag 31. august 2017 kl 19.00.

 

Runde fyr frå 1767 med «bifyret» på Valderhaug frå 1772 kan reknast som fjerde eldste fyrstasjonen i Noreg og den eldste nord om Stad. Breisundet, der byen Ålesund seinare kom, var ein viktig møtestad ved kysten. Her fekk gründeren Peter Friderich Koren løyve av kongen til å setje opp eit «Bluss-Fyhr» på Runde og ei «Søe-Lygt» på Valderhaug, begge «de Søfarende til Hielp og Tieneste».

Boka fortel om «fyring» gjennom 250 år, skipsfart og forlis, losing og losliv, kartlegging og krig, Rundø tolldistrikt, fiskeri og hamneutbygging, telefon og vêrmeldingsteneste. Og ikkje minst om livet på fyrstasjonen og dei som levde og verka der – den siste familien flytta frå fyret i 1956. Dagens fyr på Kvalneset på fugleøya Runde er automatisert og avbemanna, og er eit turmål og ei turisthytte ytst mot havet. Såleis er dette også langt på veg ei historie om øya Runde og samfunnet der gjennom tidene.

Harald Jarl Runde (f.1947), er fødd på Runde. Han har bakgrunn som ingeniør med etterutdanning i lokalhistorie, historie grunnfag og pedagogikk. Har skreve ei ei rekkje artiklar og har vore medarbeidar i fleire bøker om lokalhistorie.

Kontaktinformasjon: Torkjell Djupedal, Selja Forlag, 901 86 882, e-post: torkjell@selja.no
Harald Jarl Runde, 971 94 985, e-post: harun@online.no

Emneord: 
Kommune: