Møremusikarane som tonefølgje til Bjørnsonfestivalen

Møremusikarane har fått ein særskilt plass under Bjørnsonfestivalen i år. Dei skal være tonefølgje til mange av Bjørnsonfestivalens arrangement, i tillegg til å ha eigne konsertar. –Slik vil publikum få høyre flott musikk fletta inn fleire av dei litterære programma, seier Lene Torgersen Mordal i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Under Bjørnsonfestivalen vil Møremusikarane presentere Daniel Herskedal sitt bestillingsverk "Gjenklang frå Veøya" både i Molde og i Nesset. I tillegg skal Møremusikarane blant anna bidra musikalsk under folketalane på Plassen utescene og gruppa Fjord og Fjell skal ha eigen nattkonsert i Storyville torsdag kveld.

Songaren Hallvar Djupvik frå Tomrefjord, Møremusikarane og komponist Daniel Herskedal skal ha to konsertar med ” "Gjenklang frå Veøy”. Verket er inspirert av eit arbeidsopphald Daniel hadde på Veøya, og publikum vil mellom anna få høyre om «Presten Arnet», «Slaget på Sekken», samt kjende folketonar frå fylket.

Ny songar i Møremusikarane
Møremusikarane arbeider innanfor mange sjangrar som til dømes folkemusikk, jazz og klassisk musikk. Barna vil også få sitt eige program gjennom møte med produksjonen "Langt inni skogen den grønne” med songar og tekster av jubilanten Alf Prøysen.

Publikum vil også knytte kjennskap til Møremusikarane sitt nye tilskot

Her er nokre av stadane du vil møte på Møremusikarane under Bjørnssonfestivalen:

«Fole god bok til frokost», torsdag og fredag
«Les en lunsj», torsdag
Fjord og fjell, konsert torsdag
Langt inni skogen den grønne, konsert fredag og søndag
«Gjenklang frå Veøy», konsert laurdag og søndag

Samt innslag på fleire av arrangementa.

Fullstendig program for Bjørnsonfestivalen finn du her: http://www.bjornsonfestivalen.no/billettprg

Mads Wighus, som er utdanna klassisk songar med opera som spesialfelt. Han er tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune, og skal mellom anna samarbeide tett med Operaen i Kristiansund, i eit toårig prøveprosjekt.

 

 

 

Emneord: 
Kommune: