Startstipend kreativ næring

Startstipend for etablering av kreativ næring. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Startstipend for etablering av kreativ næring. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut inntil fire startstipend á 100 000 kroner til personar med kreativ fagbakgrunn og som vil starte eller vidareutvikle bedrift i Møre og Romsdal.

Kven kan søke?

Du må vere mellom 20 og 39 år, vere folkeregistrert i Møre og Romsdal og ha ambisjon om å starte eller vidareutvikle bedrift i Møre og Romsdal. Du må minimun ha fagutdanning i eitt av dei kreative faga (trykte medium, kulturarv, annonse og reklame, arkitektur, musikk, kunstnarleg verksemd, film, foto, spel, design, tv og radio).

Stipendet skal gå til deg som er i startfasen på bedriftsetablering (enkeltpersonforetak eller AS). Bedrifter som har eksistert i meir enn tre år, blir ikkje rekna som startfase.

Kva skal du skrive i søknaden?

Du må beskrive kva du har tenkt å tene pengar på og korleis du har tenkt å bruke stipendet. Vi legg stor vekt på forretningspotensialet, det vil seie samanhengen mellom behovet i marknaden og produktet eller tenesta du har tenkt å tilby. Vi legg også vekt på grad av nyskaping, altså om det du vil tilby er noko nytt eller om dette er noko som finst i marknaden frå før.

Vedlegg til søknaden

Du skal legge ved vitnemål frå di høgaste utdanning (ikkje legg ved vitnemål frå videregåande skole, kursbevis eller attestar).

Søknadsfrist: 21. oktober 2016

Merk deg også at

  • søkarar med dei beste ideane må vere forberedt på komme og presentere ideen sin for ein jury. Vi vil ta direkte kontakt med aktuelle søkarar. 
  • personar som får stipend, må delta på gründeropplæring i regi av hoppid.no. Kurskostnadane blir dekt. 

Er det noko du lurer på, ikkje nøl med å ta kontakt. 

Kommune: