Arnfinn Kolerud i Aasen-tunet

Arnfinn Kolerud. Foto: Jo Carlson
Hans humoristiske og fantasifulle bøker treff eit breitt publikum, og fleire av bøkene er prislønte. - I oppkøyringa til Språkåret 2013 satsar vi på litteratur i haustprogrammet og vi ser fram til å få møte Arnfinn Kolerud onsdag 24. oktober kl. 20.00, seier programansvarleg Åshild Widerøe.
I boka Kom ikkje inn i mitt hus er det berre ein siste, trassig landsby i nordvest, som klamrar seg til nynorsken. Resten av landet held seg til bokmål og engelsk. Bendik Uføre veddar huset sitt på at han skal få heile det norske folket til å samle på nynorske diktarkort. Snart vekkjer dei nynorske diktarkorta harme og glede over heile landet. Austlendingane held krisemøte og ein minister i regjeringa må ta sin globus og gå. Kom ikkje inn i mitt hus er andre bok i Vassbygda-trilogien. Første bok, Når ein først skal skyte nokon, kom i 2010.

Bokmeldar Arne Ruset i Romsdal Budstikke gav Kolerud terningkast fem tidlegare i haust:
«Arnfinn Kolerud leikar seg med innfall og påfunn, språket er klangfullt og melodiøst. Og ein er garantert gangsperre i mellomgolvet etter avslutta lesing».

Arnfinn Kolerud kjem frå Isfjorden i Romsdal og er busett i Måløy i Sogn og Fjordane. Han debuterte med Berre ikkje brøyteplogen kjem i 1996, og fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for denne boka. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas. For denne boka blei Kolerud nominert til Brageprisen, fekk Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris.
Emneord: 
Kommune: