Julehefteutstilling med sjeldne godbitar

Bibliotekar Siri Beate Gjerde og dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes i Ivar Aasen-tunet ønskjer vel møtt til opning av julehefteutstilling søndag.
Bibliotekar Siri Beate Gjerde og dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes i Ivar Aasen-tunet ønskjer vel møtt til opning av julehefteutstilling søndag.
Joletre vart gitt ut av Norsk Barneblad frå 1898. Her tredje utgåva frå 1900.
Joletre vart gitt ut av Norsk Barneblad frå 1898. Her tredje utgåva frå 1900.
Like sikkert som at adventsstjernene dukkar opp i vindauga i heimane våre i desse dagar, er det at julehefta kjem i handelen. Søndag opnar den etter kvart årvisse julehefte-utstillinga i Aasen-tunet, som denne gongen er vorte utvida.

– Vi har bygt ut utstillinga år for år, og no er dette ei fullverdig utstilling, seier dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes. Han fortel at bibliotekar Siri Beate Gjerde har funne fram til skattar i samlingane som ikkje er vortne viste før, og at Aasen-tunet dessutan har sikra seg nokre sjeldne hefte. I tillegg er den trykte delen av utstillinga vorte utvida med endå fleire perspektiv, sitat og illustrasjonar frå hefta.

Julehefte-tradisjonen byrja som eit forlagsinitiativ i Danmark, men spreidde seg raskt til Noreg i 1880-åra. Det første litterære juleheftet på nynorsk for vaksne kom i 1904, og hadde tittelen Jolekvelden. Dette er tradisjonen som er vorten teken opp att i Herborg Kråkevik og Samlaget si nyutgiving av Juleroser. Kråkevik er aktuell med arrangement i Aasen-tunet same dagen som utstillinga opnar.

– Vi har lyst å trekkje fram ein tradisjon der nynorsken har stått sterkt, og det gjeld i høgste grad julehefta, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng. Han fortel at det eldste barnebladet i verda som framleis kjem ut, Norsk Barneblad, har gitt ut sitt eige julehefte Juletre sidan 1898.

For mange i dag er det kanskje likevel først og fremst teikneseriane ein tenkjer på når det kjem til julehefte. Smørbukk, Vangsgutane, Tuss og Troll og Ingeniør Knut Berg blir her rekna for å vere dei viktigaste i den nynorske tradisjonen.

– Alle desse tok til å kome ut som julehefte i 1940-åra. For mange som vaks opp på 1940-, 1950- og 1960-talet, er slike julehefte difor ein viktig del av jula, som kanskje gir ein smak av barndom og oppvekst, seier Øvereng, og ønskjer vel møtt til utstillinga. 

Emneord: 
Kommune: