Over tusen år gammalt skip funne på Edøy i Smøla

Skipsgrava ligg eit steinkast frå Edøy kyrkje, markert med rød sirkel. (illustrasjon: NIKU)
Skipsgrava ligg eit steinkast frå Edøy kyrkje, markert med rød sirkel. (illustrasjon: NIKU)
Ved hjelp av georadar har arkeologar frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) avdekka spor av eit skip i Smøla kommune i Møre og Romsdal. Skipet er sannsynlegvis frå vikingtida eller eldre. - Dette er eit funn som har både nasjonal og internasjonal betydning, seier klima- og miljøminister, Ola Elvestuen.

- Skipet er viktig for vår felles historie. Noreg og Møre og Romsdal har eit stort ansvar i å forvalte funnet. No må vi må finne den rette måten å behandle det på, seier Elvestuen.

Oppdaginga av skispgrava skjedde som ein del av kartlegginga av Edøy, gjennom prosjektet Ein bit av historia, der Møre og Romsdal fylkeskommune sit i førarsetet.

- Oppdaginga er heilt unik og på linje med Tuneskipet. Dette er eit fantastisk funn som understreker kor sentral posisjon denne øya har hatt i historia, seier Arve Nytun, arkeolog i fylkeskommunen, som leia arbeidet fram til funnet.

 

Historisk grunn

Edøy ligg ved skipsleia til Trondheim, der Harald Hårfagre utkjempa to sjøslag like ved, nær øya Solskjel, for å vinne kongemakta i Noreg på slutten av 800-tallet. Området er svært rikt på kulturminne, mellom anna Kulisteinen, der namnet  ‘Nóregi’, for først gong er nemnt i norske kjelder.

- Det er for tidleg å seie noko sikkert om dateringa av skipet, men vi veit at det meir enn 1000 år gamalt, seier arkeolog og avdelingsleiar i NIKU, Knut Paasche, som også har doktorgrad på vikingskip.

 

Ikkje tilfeldig funn

Fylkesordførar Tove-Lise Torve er oppglødd over funnet, som ho meiner er ein av gevinstane av fylkeskommunen si satsing på kulturarv og kulturformidling.  

-Dette er ikkje eit tilfeldig funn, men eit resultat av systematisk arbeid i forskings- og utviklingsprosjektet “Ein bit av historia”. Edøy er ein av nøkkelstadane langs Kystpilegrimsleia, og her har vi planlagt å etablere eit regional kystpilegrimssenter for fylket vårt og Trøndelag. Funnet seier oss at vi har valt den rette plassen, seier Torve. 

 

Teknologisk kvantesprang

Det var NIKU som utførte undersøkinga med georadar etter oppdrag frå fylkeskommunen og Smøla kommune.

- Restane etter Edøyskipet blei oppdaga rett under dyrkingsjorda der det tidlegare har vore ein gravhaug.  Gravhaugen er ein markert sirkel på 18 meter diameter. Midt i haugen kan ein sjå ein tydelig 13 meter lang kjøl, men totalt kan skipet ha vore 16 - 17 meter langt. Grava er truleg frå merovingertida eller vikingtida, seier Paasche.

Det er om lag eit år sidan Gjellestadskipet var funne i Halden, med same metode.

- Dette er utruleg spanande. Igjen er det teknologien som hjelp oss å finne eit skip. Eg trur vi kjem til å finne meir i tida framover, ettersom teknologien held fram å ta kvantesprang, seier Paasche.

 

Ny bit av historia

- Funnet er svært interessant nytt! seier riksantikvar Hanna Geiran. - Det er spanande å tenke at det kan vere ein samanheng mellom vikingkongen og personen som er hauglagt her, fortsett Geiran.

Riksantikvaren har nasjonalt ansvar for kulturminneforvaltning og er samarbeidspart i forsknings- og utviklingsprosjektet.

Ordførar Svein Roksvåg i Smøla meiner funnet bekreftar at Edøy har vore ein viktig del av Noregs historie.  

-  Eit så sjeldan arkeologisk funn er stort. Det ser ut til at Edøy er ei arkeologisk gullgruve. Funnet av skipet gir eit kjempeløft til historiefortellinga vår og det Regionale kystpilegrimsenteret som er planlagt.

Smøla har jobba med digital formidling i fleire år og vore ein viktig drivkraft i samarbeidsprosjektet.

 

Inviterer til informasjonsmøte på Smøla

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer no saman med Smøla som vertskommune lokalbefolkning, presse, fagfolk og alle som er interesserte til informasjonsmøte om skipsgravfunnet på Edøy. Det skjer den 5. desember, kl. 10.00 på Gurisenteret, på Edøy. 

Arkeologar frå fylkeskommunen og NIKU vil då presentere nærare informasjon om skipet og vise  illustrasjonar. Det bli omsyning på funnplassen.

Emneord: 
Kommune: