Den gløymde litteraturen. Jostein Fets store verk og nye bok.

Jostein Fet. Foto: Aasen-tunet. Fotograf: Laila Walseth Lid
Jostein Fet. Foto: Aasen-tunet. Fotograf: Laila Walseth Lid
Sverre Tusvik. Foto: Tove K. Breistein.
Sverre Tusvik. Foto: Tove K. Breistein.
Ottar Grepstad. foto: Lars O. Flydal.
Ottar Grepstad. foto: Lars O. Flydal.
Folk flest på 1700-talet kan takke Jostein Fet for at dei ikkje lenger blir omtalte som dei ukunnige analfabetane ein lenge trudde dei var. Det blir boklansering, bokutstilling og samtale om historisk kultur- og åndsliv laurdag 27. juni kl. 13.30.

Kulturhistorikaren og litteraturvitaren Jostein Fet har i 40 år dokumentert lese-, skrive- og spelekunna hos folk flest på Sunnmøre og andre stader frå 1600-talet. I den nye boka Den gløymde litteraturen tek han for seg 609 gamle bøker som har vore i privat eige på Sunnmøre. Det tek til med ei lærebok i skriving frå Zürich i 1549 og endar med Daniel Defoes spennande historie om Robinson Crusoe. Folk kunne lese, og aller mest las dei religiøs litteratur og salmar.

            ‒ Boka gir eit oversyn og ein analyse av den litteraturen som lenge var den einaste folk på bygdene las, men som i dag er gløymd og stuva bort. I litteraturhistoriene er denne litteraturen nesten ikkje nemnd i det heile, endå han fylte tankelivet til allmugen gjennom fleire hundre år, seier Jostein Fet.

            Han har også arbeidd mykje med folkemusikk og samla mange tradisjonstonar. I boka står difor religiøse folketonar side om side med folkelesnaden.

Sverre Tusvik frå Samlaget presenterer Den gløymde litteraturen. Ottar Grepstad har skrive eit forord i boka og samtalar med Jostein Fet om dette einmannseventyret i norsk kulturforsking.

– Vi kjem til å svinge oss mellom bøkene på kistebotnar og dei verdsbileta folk kunne hente frå bøkene dei las. Der er nokre spørsmål eg lenge har tenkt at nokon må stille Jostein Fet. No skal eg nytte høvet, seier Grepstad.  

Arrangementet finn stad laurdag 27. juni i salen i Ivar Aasen-tunet kl. 13.30

Emneord: 
Kommune: