Tore Renberg kjem til Aasen-tunet.

Renberg og Flotve. Foto: Tommy Ellingsen.
Renberg og Flotve. Foto: Tommy Ellingsen.
Tore Renberg gir ut ny roman i haust og legg ut på turné saman med gitarist Alexander Flotve. Søndag 30. oktober kjem dei til Ivar Aasen-tunet og lovar publikum klump i halsen, latter i brystet og varme i føtene.

Du er så lys er ei uvanleg bok om vanlege familiar, ei nervepirrande forteljing om det vi ikkje får auge på. Sjølv når det skjer rett framfor oss. Dette er den trettande romanen til den folkekjære og kritikarroste stavangerforfattaren.

Tore Renberg debuterte i 1995 og har gitt ut ei rekkje romanar og barnebøker. Han har også skrive mykje for teater og film. Bøkene hans er omsette til tolv språk og særleg romanane om Jarle Klepp er mykje lesne, både i Noreg og i utlandet. Kompani Orheim fekk P2-lytternes romanpris i 2005 og Charlotte Isabel Hansen fekk Bokhandlerprisen i 2008. Du er så lys er den første romanen hans på nynorsk. – Eg kjem frå ein stad i landet der språket ligg tett opptil nynorsk, sjølv om dei fleste skriv bokmål. Det kjendest ufatteleg frigjerande å gjere dette, seier forfattaren sjølv til nettstaden BOK365.

Den kjende forfattaren er også musikar, og har mellom anna samarbeidd med Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra og spelt i band med Karl Ove Knausgård. Tidlegare i år slapp Renberg sitt første soloalbum, Ingen nåde, og følgde i mai opp med singelen «Ikkje la di riva deg ner».

I Aasen-tunet les han frå den nye boka og kjem med songer og forteljingar. Og kven veit: Kanskje dukkar også Jarle Klepp, Helge Ombo og Hillevågsgjengen opp? Uansett kan du sjå fram til ein særeigen kveld med litteratur, musikk og godt drøs. 

Emneord: 
Kommune: