Magne V. Kristiansen er gjesteutstillar i Galleri EogE i oktober og november.

Stille høstdag. Foto: Alle rettigheter: Magne V. Kristiansen
Stille høstdag. Foto: Alle rettigheter: Magne V. Kristiansen
Havdur. Foto: Alle rettigheter: Magne V. Kristiansen
Havdur. Foto: Alle rettigheter: Magne V. Kristiansen
Turkis refleks. Foto: Alle rettigheter: Magne V. Kristiansen
Turkis refleks. Foto: Alle rettigheter: Magne V. Kristiansen
Salsutstilling i Galleri EogE i Fosnavåg med opning 26.10. kl 12.00. Motiva er henta frå storhavet såvel som fjøra og meir stille landskap innover i fjordane. Han uttrykkjer seg i ein klassisk, figurativ stil i oljeteknikk.

 

Kristiansen er oppvaksen i Vestfold og er utdanna lærar og har i mange år bodd i Stryn kommune med familie. Han har ingen formell kunstutdanning, men han har lang erfaring med ulike maleteknikkar. Opningsdagen vil han demonstrere korleis han byggjer opp bilde og korleis han tenkjer når det gjeld komposisjon og farge. Han er opptatt av den umiddelbare observasjon og at bilda uttrykkjer autentisk tilstedeværelse i dei landskapa ein ynskjer å gjenskape. Han ser inga motsetning mellom det figurative og abstrakte i billedskapninga, tvert om er evna til abstraksjon forutsetninga for å bli ein god figurativ malar.

Galleri EogE ser fram til åpning av utstillinga. I tillegg til dei over 20 flotte maleria på salsutstillinga kan besøkande få seg ei fin innføring i fleire maleteknikkar med oljemaling. Kristiansen vil då nytte den lukt- og løysemiddelfrie oljemalinga Cobra, så ein skal ikkje være redd for sterk malingslukt. I samband med gratis innføring i oljemalingsteknikkar vil Galleri EogE ha rabatt på malemiddel den dagen.

Velkomen

EogE kunst og handverk DA
Tlf 70089620
 

Emneord: 
Kommune: