Edvard Hoem kjem til Aasen-tunet

Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem.
Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem.
Edvard Hoem. Fotograf: Linda Engelberth.
Edvard Hoem. Fotograf: Linda Engelberth.
Få skildrar kvardagslivet i Noreg på slutten av 1800-talet som Edvard Hoem. Søndag 1. mars kjem forfattaren til Ivar Aasen-tunet for å lese og fortelje frå romanen Slåttekar i himmelen.

Edvard Hoem har dikta fram historia om sin eigen oldefar, Knut Hansen Nesje, på meisterleg vis. Han tek lesaren med til menneska ved Frænfjorden, som lever eit liv i hardt arbeid. Stadig fleire sel det vesle dei eig, og legg ut på den strie og eventyrlege reisa til Amerika.  

Bokmeldar Brynjulf Jung Tjønn i VG skriv at Slåttekar i himmelen er «Et sanselig praktverk om Hoems oldefar, som måtte velge mellom å bli værende i Norge eller utvandre til USA.» Tjønn skriv vidare at romanen er eit stykke norsk historie om kven vi er.  

Forteljinga i denne romanen tek til utanfor Molde i 1874, der Nesje er slåttekar, og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av. Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røykjer pipe og får Nesje med på seifiske, og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gifte og får barn.

«Det gjorde nok inntrykk på meg at min oldefar var en trofast arbeidsmann som gjorde sitt beste for å berge seg og sine. Likevel mistet han sønnene sine én etter én», seier Hoem i eit intervju med NRK i samband med lanseringa.  

Butikken har gode tilbod på fleire av bøkene til Edvard Hoem og kafeen serverer søndagsmiddag før arrangementet. 

Velkomen!

Emneord: 
Kommune: