I Aasen-tunet: Fidjestøl om dei som endra Noreg

Alfred Fidjestøl. Frå Asker til eden.
Alfred Fidjestøl. Frå Asker til eden.
Alfred Fidjestøl. Foto: Cecilie N. Seiness.
Alfred Fidjestøl. Foto: Cecilie N. Seiness.
Ein kulturpolitisk maktfaktor som endra Noreg for alltid, skriv Alfred Fidjestøl om nettverket Askerkretsen i boka Frå Asker til Eden. Tysdag 3. mars er forfattaren i Aasen-tunet og held foredrag om nettverket og miljøet kring ektepara Hulda og Arne Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik.

Berre kilometer unna den parallelle Lysakerkretsen, omkring mannsidolet og  polfararen Fridtjof Nansen, putla ein sjukeleg og hypokondrisk gjeng landsmålspionerar i åkeren, og freista å omskape ein konkret hage i Asker til ein Edens hage for det nye Noreg.  

Eit lite og skiftande miljø bygde opp den riksdekkjande landsmålsavisa Den 17de Mai og det alternative nasjonalteatret Det Norske Teatret. Dei ein reetablert folkedans- og bunadstradisjon og sette i verk ei rad større omsetjingsprosjekt, frå Homer til Holberg. Målet deira var å gjere det norske folket meir heime i sitt eige land, samstundes som dei freista å etablere personlege heimar for seg sjølve og familiane sine.  

«Akkurat da, etter 250 sider, forstår du at du har rast igjennom en sakprosa som er utformet som en roman du ikke vil skal ende. Du vil lese mer, vite mer, kunne fortelle andre om denne gjengen som hadde alle disse visjonene om et ekte fedreland bygget på trygge, rene bygdetradisjoner», skriv bokbloggar Eli R. Gjengstø om boka. 

 

Velkomen!

Emneord: 
Kommune: