Den Norske Dokumentarfestivalen i Volda!

Sevdie (7) jobbar for å overleve i den harde slummen i Beograd, Serbia. Familien hennar er av romfolk og situasjonen vert ikkje betre av at faren er avhengig av heroin. Korleis klarar Sevdie seg? Og kva draumar har ho for framtida? Fotokjelde: DokFilm
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er den største og eldste av sitt slag i Noreg, og vart arrangert fyrste gong i 1997. Varer frå 24. - 28. april 2013.

Kvar vår møtes filmskaparar og publikum i Volda, for å sjå dokumentarfilm og for å bli inspirert av kvarandre. Frivillige studentar ved Høgskulen i Volda er drivkrafta bak festivalen, med god hjelp frå sponsorar og lokale krefter.

Festivalpasset kostar 100 kroner, og kan kjøpast i Infobua ved Samfunnshuset under festivalen.

 

Sjå heile programmet på nettstaden til DokFilm.

Emneord: 
Kommune: