Gunnar Skirbekk om kva vi kan lære av historia

Gunnar Skirbekk. Fotograf: Kjell Arne Steinsvik.
Gunnar Skirbekk. Fotograf: Kjell Arne Steinsvik.
Kva vil det seie å vere norsk i ei tid med masseinnvandring og raske endringar? Og kva kan vi lære av historia, om vi vil finne eit svar? Filosof Gunnar Skirbekk held foredrag i Aasen-tunet tysdag 3. mai.

Kriser vil kome, igjen og igjen. Ikkje av eitt slag, ikkje langs éin dimensjon, men ved eit uoversiktleg samspel av mange faktorar. Ein kan bli skremd av mindre. Det seier forfattaren og filosofen om boka på nettstaden sin. Som statsborgarar i velorganiserte demokratiske rettsstatar kan vi velje og bli valde, demonstrere og organisere oss, delta i debatten og halde oss oppdaterte på det som skjer og på det som kan gjerast. Som statsborgar i kriseramma moderne demokrati har vi makt, kvar på sitt vis, og dermed også medansvar.

Dette er bakteppet for boka Krise og medansvar, som er ei av bøkene Skirbekk tek utgangspunkt i. Han kjem også inn på tema han tok opp i boka Norsk og moderne, som er eit bidrag til omgrepsorientert folkeopplysning for gamle og nye landsmenn. Verket er samtidig ein politisk pamflett som rører ved definisjonsmakta på eit sensitivt felt: Kva vil det seie å vere norsk og moderne? Kven er vi, og korleis vart vi det? Og kva inneber det å vere medborgar i dette samfunnet? Etter foredraget blir det opna for spørsmål frå publikum.

Gunnar Skirbekk er filosof, essayist og vitskapsteoretikar, og har prega ordskiftet om språk, politikk, vitskap og rasjonalitet i meir enn 50 år. Han har spela ei viktig rolle i utforminga av det akademiske Noreg.

Skirbekk fekk prisen Årets nynorskbrukar 2013 for arbeidet med å fornye tenkinga om ein gyldig og framtidsretta opplæringspolitikk for nynorsk, og for slitesterk evne til å halde oppe nynorsk som eit smidig språk for tenking, sa styret i Nynorsk kultursentrum i si grunngiving. 

Kommune: