Det blir D.D.E.-liv under Festspela

D.D.E. Fotograf: Lasse Berre.
D.D.E. Fotograf: Lasse Berre.
D.D.E. og Sunniva og Ragnhild. Foto: Ivar Aasen-tunet.
D.D.E. og Sunniva og Ragnhild. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Førehandssalet til konserten med D.D.E. i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet laurdag 27. juni har vore godt trass det våte vêret. Har du ikkje sikra deg billett enno, er det ikkje for seint, men skal du sitje i amfiet, må du vere om deg.

Widerøe, og legg til at ståplassar i Uteamfiet tyder å sitje i graset rundt benkane. Widerøe gler seg over gode vêrmeldingar mot neste helg.

 

Det folkekjære bandet D.D.E, som sidan 90-talet har turnert Noreg rundt har rykte på seg for å lage liv der dei kjem. Med 13 plateutgivingar bak seg har dei nok av låtar å velje mellom. Til festspelavisa fortalde dei at spelelista til årets sommarturné allereie er klar.
– Det er ei blanding av kjende og kjære låtar publikum forventar at vi spelar, og så har vi sjølvsagt nokre overraskingar på lur, seier trommeslagar Eskil Brøndbo. 

– Fleire av festspelarrangementa har selt godt, mellom anna er konserten til Majorstuen i Salen i Aasen-tunet fredag 26. juni snart utselt, seier Widerøe. Kvart år blir det lagt ut eit avgrensa tal festspelpass i tillegg til sjølve arrangementsbillettane, og desse passa er det no heilt tomt for.

Parkering

Ivar Aasen-tunet har eigen parkeringsplass, men under Festspela kan ein også parkere ved Coop Extra og Nettbuss i Furene eller ved øvingsbana til NAF i Torvmyrane. – Vi oppmodar publikum til dei største arrangementa om å vere ute i god tid, avsluttar Widerøe.

Emneord: 
Kommune: