Kulturelle opplevingar gjennom 20 år

Purriot. Forside: Cappelen Damm.
Purriot. Forside: Cappelen Damm.
Gruppa Comet Kid skal ha konsert under Kulturtorget. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Gruppa Comet Kid skal ha konsert under Kulturtorget. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Frå onsdag 27. januar til og med fredag 29.januar, blir Kulturtorget 2016 arrangert i Molde. –Her skal profesjonelle formidlarar og utøvarar presentere kunstopplevingar innan film, scenekunst, musikk, visuell kunst, litteratur og kulturarv. Alt er tilpassa barn og unge frå 1.trinn til vidaregåande, seier Hanne Brakstad i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Utviklinga i Kultursekken går i retning av den eigenaktive eleven, noko Kulturtorget også vil bere preg av. Blant anna er opningsframsyninga onsdag er ein presentasjon av Laug (workshops), og vi har eit tett samarbeid med ungdommar frå UKM-media, som skal filme store delar av Kulturtorget.

Fokus på bredde og kunstnarisk kvalitet

Det første Kulturtorget gjekk av stabelen i 1996, og under Kulturtorget 2016 markerer vi at Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt fokus på profesjonell kulturformidling for barn og unge i 20 år.

Kulturtorget har sidan starten hatt fokus på høg kunstnarisk kvalitet og bredde i programmet, og i dag kan vi med stoltheit seie at elevar i Møre og Romsdal får kulturtilbod av ypparste klasse innafor alle kunstartar. –Det er nettopp bredde og kvalitet som er Kultursekken sin styrke, og i løpet av det 20. Kulturtorget, vil 300 deltakarar og like mange publikum oppleve omlag 40 ulike produksjonar i alle kunstartar, fortel Brakstad.

Frå Comet Kid til Helga Flatland

Kulturtorget er ein visningsarena over tre dagar for kommunar, skolar, nasjonalt kunstnettverk, kulturinstitusjonar og profesjonelle kunstnarar, som får oppleve produksjonar laga for barn og ungdom og som skal turnere i Kultursekken i fylket komande skoleår. I Møre og Romsdal får 43 000 elevar tilbod gjennom Kultursekken som er levert av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vi stolte av å ha bandet «Bendik», forfattar Helga Flatland, « Pavlovs tispe - et slags standupteater" med Camara Joof, danseforestillinga «Juryen» med Hege Haagenrud, «Poesibilen» med Ruset/Kjørsvik/Granlund, konsert med «Comet Kid», «Mesterdetektiven Purriot» med Bjørn R. Rørvik og ikkje minst presentasjon av Laug, der den eigenaktive eleven er i fokus i Kulturtorgsprogrammet. 

–Kulturkontakten er ein viktig amabassadør

–Når vi skal markere det tjuande Kulturtorget, ønskjer vi å takke alle dei engasjerte og dedikerte kulturkontaktane på skolane og i kommunane, seier Brakstad. Brakstad fortel vidare at kulturkontakten har ei særs viktig rolle som arrangør på kvar enkelt skole. Under Kulturtorget får kulturkontakten verdifull kompetanse og kunnskap om produksjonane som er aktuelle for deira skole neste skoleår.

Denne kunnskapen har kulturkontakten ansvar for å videreformidle til lærarar og elevar samt tilrettelegge både fagleg og praktisk på skolen. –Utan kulturkontakten som Kultursekken sine ambassadør, kan ikkje Kultursekken fungere. Det er derfor all grunn til å hylle alle kulturkontaktane som legg ned utroleg mykje arbeid slik at dei magiske øyeblikka kan oppstå mellom elevane og utøvar, avsluttar Brakstad.

Her finn du program for alle tre dagane: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Kultur/Nyheter/Kulturtorget-2016-Oppdatert-program

Kontaktperson:
Hanne Brakstad, konst. seksjonsleiar i formidlingsseksjonen, hanne.brakstad@mrfylke.no, tlf.71 25 88 3871 25 88 38/ mob. 922 877 66922 877 66

Emneord: 
Kommune: