Fugleåret og sauen - natur- og kulturkveld med Amy Lightfoot

Eitt av trykka i utstillinga og boka Fugleåret.
Amy Lightfoot. Fotokilde: Sykkylven Naturhistoriske Museum
Onsdag 3. april klokken 1900 blir det opning av utstilling og foredrag på Elvetun på Vik i Sykkylven.

 

FUGLEÅRET OG SAUEN

Amy Lightfoot frå Hitra er godt kjent for sitt arbeid innan kystkultur, som handverkar, kunstnar og no også bokforfattar.

 

Kunstutstilling

I Galleri Elvetun opnar kunstnaren Amy Lightfoot utstillinga “Fugleåret – folketru og fakta” . Utstillinga består av eitt tresitt for kvar månad. Ho vil også fortelje om boka “Fugleåret” der vi månad for månad kan følgje hegren på fiske i januar, grøsse oss over kråka sine vonde varsel i februar, glede oss over tjelden sitt muntre skrål i mars. Slik følgjer månadane og fuglane på til året er omme og vi har vorte rikare på naturkjær kunnskap om fuglar og folk, tru og fakta om kvar fugleart. Det vert råd å kjøpe både bok og tresnitt.

 

Foredrag om Sauen

Etter ein liten matbit, held Amy Lightfoot fram med kveldens hovudinnslag – foredrag om sauen. Ho har arbeidd med sjøvott-prosjekt, rekonstruksjon av ullsegl og mykje anna innan kystkultur. Sauehald har vore viktig for å kunne overleve langs kysten og ho omtalar sauen som ei utømmeleg kjelde til mat og mjølk, skinn og ull til klede. , men også som råmateriale brukt til å lage mindre kjente husgeråd og fiskeutstyr - ja, til og med barneleiker. Foredraget tek for seg nokre utvalte eksempel på allsidig og fullstendig utnytting av sauen.

 

Inngangspengar: kr 100

Arrangørar: Spleiselaget og Sykkylven Naturhistoriske Museum

Kontaktpersonar: Spleiselaget – Ove Bjerkan tlf. 95801734, Sykkylven Naturhistoriske Museum tlf. 97045640

 

Kunstutstillinga og museet vil også vere ope laurdag 6. og søndag 7.april kl 15-18. Inngangspengar desse dagane: vaksne kr 40, barn kr 20.

 

 

Emneord: 
Kommune: