Lanseringskonsert med Egil Olsen

Egil Olsen. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Egil Olsen. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Kva skjedde med Egil Olsen? Det får vi kanskje vite på det nyaste albumet hans Ooo what happened. På den nye soloplata møter vi ein meir personleg og sjølvreflekterande Egil Olsen, og torsdag 26. mars kjem du tett på når han held lanseringskonsert i Ivar Aasen-tunet.

 

Egil Olsen kjem til Aasen-tunet med musikarane Paal Solhaug på gitar og bass og Erlend Slettevoll på tangentar. Stig Ulv stiller som gjestegitarist på konserten. I tillegg vil Gunnar Strøm leie ein samtale med Egil Olsen om det å skrive songar.

Tidlegare har Egil Olsen balansert på ein knivsegg mellom humor og alvor. No går han djupare inn i materien og dveler som aldri for ved dei mørkare sidene i livet når han syng om det sjølvdestruktive kunstnarlivet, mørk kjærleik og sitt ambivalente forhold til religion. Der er også glimt av håp i enden av tunnelen, som kjem til uttrykk på plata.

Om lag samtidig som Egil Olsen kom seg ut av to års arbeid i studio med eit nytt album, blei han også far for første gong. Etter all undring, leiting og tvil, enda det altså godt, både på plate og i det verkelege livet. – Dette er definitivt den mørkaste plata mi, men personleg har eg vel aldri hatt det betre enn akkurat no. Det måtte kanskje berre litt møkk og gjødsel til for at noko kunne spire og vekse, seier Olsen sjølv.

Konsertane til Egil Olsen har alltid vore prega av kontrasten mellom dei såre og enkle låtane, og den uføreseielege humoren og komiske presisjonen. Med det nye låtmaterialet er denne kontrasten om mogleg endå sterkare. – Det er framleis plass til mykje humor på scenen, og det er kanskje til og med meir nødvendig enn nokon gong, i alle fall for min del. No er i tillegg sårheita sårare og tyngda tyngre, seier Egil Olsen. 

Emneord: 
Kommune: