ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
UKM fylkesfestivalen er ein viktig smeltedigel for ung kultur i Møre og Romsdal og består av om lag 400 ungdommar i alderen 13 – 20 år frå våre 36 kommunar. Ungdommane er samla for å bli kjent med kvarandre, utøve det dei brenn for, delta på verkstader og vise publikum kva dei driv med i form av framsyningar og kunstutstilling. UKM er ingen konkurranse, men ein møteplass, visningsarena og ein stad for utvikling av ung kultur.
Denne helga vil ein få med seg 6 framsyningar med eit breitt og høgt kvalitativt innhald innan musikk, dans, drama, film, akrobatikk og mykje meir. Det kjem til å bli spektakulært, rørande, vakkert, grensesprengjande, ja i det heile tatt berre fantastisk flott.
Vi kan love at det definitivt kjem til å bli noko for ein kvar smak.
UKM har for nokon vore eit springbrett vidare innafor sitt kulturuttrykk, medan det for andre igjen har vore ei oppleving der og da. Venskap og samarbeid har blitt knytt gjennom desse festivalane.
Program for heile festivalen vil du finne på: https://ukm.no/moreogromsdal/
Skulle de ha spørsmål, ta kontakt, med Jonas Høgseth (71280453) eller Else Marie Outzen (71280452)
Ingen arrangement funne.
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no