Noko for alle i Aasen-tunet

Haustprogrammet 2019. Alle rettigheter: Ivar Aasen-tunet.
Haustprogrammet 2019. Alle rettigheter: Ivar Aasen-tunet.
Høgdepunktet for haustprogrammet i Ivar Aasen-tunet er lagt til Volda kyrkje 31. oktober. Både før og etter dette kan små og store sjå fram til lærerike og spennande møte i både salen og kafeen i tunet.

I 2019 er det 150 år sidan dei første salmane til Elias Blix, og soleis dei første nynorske salmane, blei utgjevne. Dette markerer Nynorsk kultursentrum på fleire måtar, og Ivar Aasen-tunet er kurator for ein heilt unik vestlandsturné med saksofonist Tore Brunborg og songar og skodespelar Frank Kjosås i spissen. Torsdag 31. oktober kjem Brunborg, Kjosås og resten av ensemblet til Volda kyrkje for å presentere sine særeigne tolkingar av kjende og mindre kjende Blix-salmar.

– Salmetradisjonen stikk djupt i den norske folkesjela. Ingenting er meir spennande enn å kle slik tradisjonsrik musikk i heilt ny drakt. Billettsalet er godt i gang, og vi vonar kyrkja i Volda blir smekkfull denne torsdagen! fortel programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik.

Som vanleg skal Aasen-tunet også setje fokus på litteratur, språk og dialekter. Ein av dei mest populære nynorskforfattarane i vår tid er Agnes Ravatn. No er ho klar med ein heilt ny spenningsroman, og vil fortelje om denne i samtale med programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik 13. november.

Journalist og forfattar Håvard Rem er i desse dagar på reise i Ivar Aasen-fotefar og leitar etter norske dialekter og språkhistorie. Aasen-tunet er ein sjølvskriven destinasjon for ei slik reise, og 26. november møter han vår eigen dialektrappar Runar Gudnason til samtale.

Før den tid kan publikum få ein smak av bøkene til dei tre viktigaste nynorskdebutantane det siste året, Lars Svisdal, OdaMalmin og Monica Bjermeland. Samtaleleiaren dei skal snakke med 5. oktober  er også ein debutant i dette formatet, nemleg bibliotekar Siri Beate Gjerde. Gjerde held også fram med sine Bok og bakverk-arrangement, som har blitt svært populære.

I oktober blir der også miniteater for heile familien med framsyninga Pling vaken, om klara som berre ikkje klarer å legge seg. Som vanleg blir der også familiedag med juleverkstad i desember, der illustratør Elisabeth Moseng vil teikne zombiar saman med borna. Der blir også julemeny og kino. Her er det alltid mykje folk, så det gjeld å kjøpe billettar i tide!

Meir informasjon og billettar finn du på aasentunet.no. Velkomne!

Emneord: 
Kommune: