Profesjonelt kulturtilbod frå barnehage til videregåande skole

Foto: Lars Opstad, Rikskonsertene.
Foto: Lars Opstad, Rikskonsertene.
Det profesjonelle kulturprogrammet i Kultursekken for sesongen 2016-2017 er godt i gang, og barn og unge frå barnehagealder til videregående skole har allereie hatt mange gode kulturopplevingar i regi av Kultursekken.

Kvaliteten og bredda på kulturproduksjonar i regi av Kultursekken er betre enn nokon gong, og produksjonane spenner frå store, spektakulære nysirkusprodusksjonar til nære møter med forfattarar og spanande møter med kunstnarar.

Felles for alle desse møta er at Kultursekken sørgjer for at alle born og unge i fylket vårt får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. Kultursekken legg til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjent med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag.

I år er også Vaksenopplæringane i Sunndalsøra og Hareid med i Kultursekken. Hustad Fengsel er med for andre år på rad, og vi er stolte over at mellom anna Comet Kid og ”Fra ungdommen” er tilbod elevane ved Hustad Fengsel får dette skoleåret. 

Av andre høgdepunkt vil vi nemne bandet «Bendik», forfattar Helga Flatland, «Pavlovs tispe -  et slags standupteater" med Camara Joof, danseforestillinga «Juryen» med Hege Haagenrud, konsert med «Comet Kid», «Mesterdetektiven Purriot» med Bjørn R. Rørvik og ikkje minst dei spektakulære nysirkusproduksjonane “Super Sunday” med Race Horse company og ”Limits” med Cirkus Cirkör.

Utviklinga i Kultursekken går i retning av den eigenaktive eleven, og Laugsporteføljen vår spenner frå animasjonskurs, breakdancekurs, musikkvideokurs, historieskaping, teaterverkstad, kurs innan musikk, litteratur, film, dans, forteljing og mykje, mykje meir!

Kultursekken 2016/2017 har vel 120 produksjonar innen alle kunstsjangrar. 20 av desse er Laug (workshops), der den egenaktive eleven er i sentral.

Ei oversikt over heile programmet for Kultursekken 2016/2017 finn de her: http://www.kultursekken.no/program?p=y

 

Klipp frå produksjonar som står på Kultursekken sitt program i år:

Emneord: 
Kommune: