Lars og Ola Bremnes i Aasen-tunet

Lars og Ola Bremnes. Pressebilde. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Lars og Ola Bremnes. Pressebilde. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Søndag 5. februar står brørne Lars og Ola Bremnes saman på scena i Ivar Aasen-tunet. Dei har med seg både nye songar og gamle klassikarar, så her har publikum mykje å sjå fram til.

– Dette er eit sjeldan høve til å oppleve brørne Lars og Ola Bremnes saman på ei scene, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan i Aasen-tunet. På repertoaret står det songar frå Lars Bremnes sitt nyaste album Himmel nok tel alle frå 2015 og Molo, som Ola Bremnes gav ut i 2016. Og sjølvsagt har brørne med ei rekkje perler frå to lange karrierar.

Ola Bremnes har sidan starten i 1980 vorte ein av landets mest etterspurde visekunstnarar. Bror Lars er ikkje ringare, og fekk sist vinter svært mykje merksemd for “Elias song”, om korleis det er å vere flyktning. I 2015 fekk han i oppdrag å skrive melodien til den nye festspelsongen.

Emneord: 
Kommune: