Side brok og Maria Parr på Kulturtorget 2015

Maria Parr. Fotograf: Siri J. Rasmussen
Maria Parr. Fotograf: Siri J. Rasmussen
Torsdag 29. januar brakar det laust for årets kulturtorg. Vel 600 deltakarar kan i løpet av to fullspekka dagar få med seg 30 ulike produksjonar på Bjørnsonhuset og Plassen i Molde.

Årets kulturtorg vil by på fleire produksjonar med opphav frå fylket. På programmet står både rapgruppa Side brok, møte med forfattar Maria Parr og verdspremiere på ein film av den anerkjende filmprodusenten Are Pilskog. Vidare skal elevar frå Åndalsnes ungdomsskole på scena saman med proffe hiphoputøvarar. Det vert også mogleg å stifte kjennskap med dei to unge forfattarane Robert Born og Ingunn Røyset. Kulturtorget inneheld teaterframsyningar, konsertar, visuell kunst, litteraturopplevingar, filmvisningar og kulturarvsproduksjonar av høg kvalitet.

- Årets program har fokus på vår regionale kulturarv gjennom kystkultur, båttradisjonar, handverk og dei eldgamle forteljingane om dei store spørsmåla i livet. Deltakarane vil også få dagsaktuelle produksjonar som film om dronekrig og eit møte med forfattar og samfunnsdebattant Amal Aden, seier seksjonsleiar Johild Kosberg Bredin.

Årets kulturtorg vert arrangert for 19. gong. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som står bak arrangementet, og som inviterer kommunar, skolar, kulturinstitusjonar og profesjonelle kunstnarar til to dagar med Kulturtorg. Produksjonane er laga for barn og ungdom og skal turnere i Kultursekken i fylket komande skoleår. Kultursekken tilbyr kulturell eigenaktivitet og opplevingar for elevane i grunnskole og videregåande skole. I Møre og Romsdal får 43 000 elevar tilbod gjennom Kultursekken som er levert av Møre og Romsdal fylkeskommune.

For fullstendig program, klikk her.

 

Kjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune

 

 

 

Emneord: 
Kommune: