Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen til Festspela

Kirsten Bråten Berg. Foto: Marit Simonstad Kvaale
Kirsten Bråten Berg. Foto: Marit Simonstad Kvaale
Arild Andersen. Pressefoto.
Arild Andersen. Pressefoto.
Lars Bremnes. Foto: Svein Spjelkavik.
Lars Bremnes. Foto: Svein Spjelkavik.
Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen held konsert saman på Dei nynorske festspela torsdag 25. juni. Konserten skal vere i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet og Lars Bremnes er gjesteartist.

 

– Publikum får høyre mange av perlene i det banebrytande musikalske samarbeidet i skjeringspunktet mellom folkemusikk og jazz, fortel programansvarleg Åshild Widerøe. På Festspela har dei med seg eit stjernelag med Bendik Hofseth på saksofon, Hans Mathisen på gitar og Paolo Vinaccia på perkusjon.

Folkemusikaren Kirsten Bråten Berg og jazzmusikaren Arild Andersen har eit langt samarbeid bak seg. Det er 25 år sidan Arild Andersen skreiv tingingsverket Sagn til Vossajazz, med utgangspunkt i repertoaret til Kirsten Bråten Bergs, viser og stev frå Agder og Telemark. Til Griegjubileet i 1992 samarbeidde dei om Andersens tingingsverk Arv, der Kirsten bearbeidde folkeviser frå Grieg sine notesamlingar. Desse to verka har ført dei til fleire land i Europa, USA og Brasil, og fleire lange turnear i Noreg.

Som ein ekstra bonus til festspelpublikummet, er Lars Bremnes invitert med som gjest på konserten. Bremnes har samarbeidd med Kirsten Bråten Berg ved fleire høve, mest kjend er nok songen «Slak line» med tekst av Kjartan Fløgstad frå 2002 på plata Stolpesko til inntekt for Frelsesarmeen. Lars Bremnes har nettopp kome ut med plata Himmel nok tel alle.

Kirsten Bråten Berg er folkemusikar, visesongar og sølvsmed busett i Rysstad i Setesdal. Ho er mellom dei mest kjende og framståande kvedarane i Noreg i dag og har nådd eit stort publikum, særleg gjennom samarbeidet med musikarar frå andre musikktradisjonar. Kirsten Bråten Berg har tekstar av fleire nynorske forfattar på repertoaret, mellom andre Halldis Moren Vesaas og Olav H. Hauge.

Arild Andersen er jazzmusikar, bassist og komponist. Andersen har spela i Jan Garbarek sin trio og kvartett, med Don Cherry, Stan Getz, Karin Krog, George Russell og fleire. Dessutan samarbeidde han over fleire år med Radka Toneff. Arild Andersen har mellom anna skrive teatermusikk og fleire bestillingsverk. Han har fått Buddy-statuetten og var «Artist in Residence» under Moldejazz 2005.

 

Emneord: 
Kommune: