572 000 kroner til frivillig verksemder

Undine AS med den nye forestillinga "Syver og Beatrice - eit sommarmysterium" har fått støtte frå fylkeskommunen. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Undine AS med den nye forestillinga "Syver og Beatrice - eit sommarmysterium" har fått støtte frå fylkeskommunen. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Heidi-Iren Wedlog Olsen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Heidi-Iren Wedlog Olsen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Det er kjekt å bidra til å styrke grunnlaget for vidareutvikling av aktivitet, og stimulere til frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet i heile Møre og Romsdal, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Fylkeskultursjefen har no fordelt prosjekttilskot til frivillig verksemd for 1. halvår. Kulturavdelinga mottok om lag 60 søknader, med ein total søknadsum på 2,7 mill. kroner. Prosjekttilskotet blir gjeve til enkelttiltak eller prosjekt som i hovudregel omfattar aktivitet med eit regionalt nedslagsfelt. Tildelinga skjer to gonger pr år.

-Det er stort spenn i søknadene, både på innhald og beløp. Det skjer mykje spanande i fylket vårt, seier Wedlog Olsen.

 

Fordeling av tilskota fordeler seg slik:

Søkar  Tiltak Innvilga
Molde Fekteklubb, Molde Tilskot til « Midtnorsk sommer fekteleir 11.08 - 14.8.2016».5 000
Aksjonsgruppa for Hatlenmaleriet, Rauma Tilskot til bevaring av Kulturarv, murmaleri fra 1954, gave til Isfjorden Samfunnshus.10 000
Norges Korforbund Sunnmøre Tilskot til kor-Cup 2016.15 000
Undine as, Kristiansund Tilskot til «Syver & Beatrice – eit sommermysterium» som er ein ny musikkteaterforestilling frå opphavskvinnene i Undine as.50 000
Nikolas Fehr, Ålesund Tilskot til ''OrganPlus - Trygve Madsen'' som skal være eit opptak av Madsens samtlige orgelverk.20 000
Jazzlogen 2016, Molde Tilskot til Jazzlogen som vil rekruttere fleire medlemar og bli ein del av tilbudet i heile region Nordvest. Har samlingar i Molde.12 000
Ørskog Bluesfestival v/Jo Even Tomren, ØrskogTilskot til Ørskog Bluesfest20 000
Møre og Romsdal Fotograflaug Tilskot til 100-års jubileumsbok. 20 000
Undine as, Kristiansund Tilskot til Filmskaparcamp i Sunndal - Nordmøre som blir gjennomført for tredje gang i perioden 11. til 15.10.16.25 000
Compassion 2 Dance Company, Sunndal Tilskot til International Dance Festival i Sunndal 50 000
Stiiftelsen Ørsta Næringskontor Tilskot til prosjekt  "Anders Hovden" med mål å samle forfattarskapet til presten Anders Hovden i ei bok.30 000
Ålesund Kammermusikkfestival Tilskot til Ålesund Kammermusikkfestival.25 000
Bølgen Næringshage/Nordic Light Events, Kristiansund Tilskot til utvidelse av forprosjekt ''Fotobyen Kristiansund''10 000
Giske Frivilligsentral Tilskot til regionkonferanse i Molde for frivilligsentralane i Region Vest. Arrangerast i Molde i 2016.40 000
Surnadal billag, Surnadal Tilskot til forprosjekt for å utvikle ein nedlagt busstasjon i Surnadal til tverrkulturelt kunstsenter.50 000
Sunnmøre friluftsråd Tilskot til arbeid med nettverk for ein meir og betre uteskole i 9 kommunar på Sunnmøre.50 000
Klimaprosjektet, Ryfylkemuseet Tilskot til klimaprosjektet "VARMERE, VÅTERE, VILLERE". Prosjektet skal finne dei beste metodane for å demme opp for den eskalerande nedbrytinga av kulturarven. 30 000
Naturfestivalen, Søre Sunnmøre Tilskot til utvikling av Naturfestivalen.50 000
Sunnmøre Middelalderfestival, Ålesund Tilskot til Sunnmøre Middelalderfestival 4.-5. juni 201640 000
Tingvoll kommune Tilskot til open temadag om folkehelse.20 000
  572 000
Emneord: 
Kommune: