Søkjer kandidatar til Fylkeskulturprisen 2014

Ungdomslaget Fram mottok fylkeskulturprisen for 2013. (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)
Ungdomslaget Fram mottok fylkeskulturprisen for 2013. (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)
Kjenner du ein person eller organisasjon som har gjort ein kulturinnsats utanom det vanlege i Møre og Romsdal? Det er framleis mogeleg å sende inn framlegg til kandidatar til Fylkeskulturprisen 2014.

Fristen for å sende inn forslag var eigentleg 15. oktober, men er no utvida til 1. november

Fylkeskulturprisen er ein diplom og kr 50.000,-. 
Prisen blir delt ut i samband med opning av Fylkestinget den 8.desember i år.

Retningsliner for fylkeskulturprisen ligg i margen til høgre.

 

Framlegg til kandidatar kan sendast inn innan 1.november 2014 til:

post@mrfylke.no
eller via post til:

Møre og Romsdal fylkeskommune, 
Kulturavdelinga
Fylkeshuset, 
6404 Molde

Emneord: 
Kommune: