64,2 millionar kroner til trivsel, bulyst og folkehelse

Kultur- og folkehelseutvalet 2016. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kultur- og folkehelseutvalet 2016. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Når Kultur- og folkehelseutvalet møtast i Ørsta 3. februar skal dei fordele 64,2 millionar kroner i driftstilskot til 122 ulike organisasjonar og institusjonar innan kulturfeltet. Det er ein auke på nærare 3 millionar kroner frå året før.

 

– Kultur er eit satsingsområde for Møre og Romsdal fylkeskommune. Varierte kulturaktivitetar og gode kulturopplevingar gir trivsel, bulyst og god folkehelse i lokalsamfunna våre. Gjennom driftstilskota ønsker vi å legge til rette for eit mangfaldig og rikt kulturliv i heile fylket, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Stort mangfald

Det er i hovudsak organisasjonar og institusjonar med ei regional rolle som får driftstilskot frå fylkeskommunen. På tilskotslista står til dømes fylkesledd av frivillige organisasjonar, kulturinstitusjonar innan musikk, scenekunst og film. Festivalar, idretts- og friluftsorganisasjonar, arkiv og vaksenopplæring.

Det er eit stort mangfald bland tilskotsmottakarane, og tildelingane blir gjort med bakgrunn i politisk vedtekne mål og retningslinjer. Eit fåtal av tilskota er regulert av inngåtte avtalar mellom fylkeskommunen, stat og/eller kommunar. Døme er Operaen i Kristiansund og Teateret Vårt.

-I årets tildeling er det gitt eit løft til fylkesledd av frivillige organisasjonar, organisasjonar for barn og unge og kulturminne. Historiske spel og ulike aktørar innan musikk er også prioritert, seier Wedlog Olsen.

Eksempel på driftstilskot for dei ulike regionane:

Nordmøre

  • Stiftinga Nordmøre museum – 5 350 000 kroner
  • Kristiansund Kirke Kunst Kulturakademi – 500 000 kroner
  • Historiske spel – Fru Guri og Lady Arbuthnot – totalt 260 000 kroner
  • Vandrefestivalen – 140 000 kroner

Romsdal

  • Molde Internasjonale jazzfestival – 3 111 000 kroner
  • Bjørnsonfestivalen – 360 000 kroner
  • Møre og Romsdal kunstsenter – 1 800 000 kroner
  • Stiftinga Romsdalsmuseet – 7 685 000 kroner

Sunnmøre

  • Atlanterhavsparken – 3 155 000 kroner
  • Ålesund symfoniorkester – 500 000 kroner
  • Musea på Sunnmøre – totalt 6 985 000 kroner
  • Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv – 1 606 000 kroner
Kommune: