Bok og bakverk i Aasen-tunet - Vestlandshumor og fersk bakst

Bok og bakverk i Aasen-tunet. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Bok og bakverk i Aasen-tunet. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Bibliotekaren i Ivar Aasen-tunet inviterer til ei triveleg samling med lun humor og hennar eigne bakevarer komande fredag 30. august.

Ivar Aasen-tunet held fram suksessen med Bok og bakverk i kafeen. Bibliotekar Siri Beate Gjerde har ei lys fortid som konditor, og stiller sjølv med fersk bakst. På litteraturmenyen står eit utva særeigen vestlandshumor. Er det ein eigen type humor? Og kvifor er det slik?

Bibliotekaren vil snakke litt rundt temaet, lese humoristiske tekstar og tipse om lettbeint litteratur.

– Det har vore svært godt besøk når Siri Beate har diska opp med bakst og gode litteraturtips tidlegare i år, men vi skal få laga plass til alle som vil. Gå inn i helga med eit smil og litt melis i munnviken! oppfordrar programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik.

 

Emneord: 
Kommune: