Soppkontrollen finn du i Aasen-tunet

Soppdag. Milan Ilic og Olav Opsvik. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Soppdag. Milan Ilic og Olav Opsvik. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Den einaste offisielle soppkontrollen på Søre Sunnmøre finn du som vanleg i Ivar Aasen-tunet. Kafeen serverer smakfull soppmeny både ute og inne.

I marka ovanfor Aasen-tunet finn ein soppar av mange slag, men dei aller fleste av oss treng eit blikk frå erfarne soppsakkunnige før vi legg skogens mat i gryta. Søndag 1. september vil kontrollør Osvald Grande frå Nyttevekstforeningen i Ålesund vere til stades i Aasen-tunet for soppkontroll og gi råd og tips til dei som ønskjer. – Vi vonar mange vil nytte høvet til å kome seg ut og plukke sikker matsopp og bli inspirert av den gode maten i kafeen, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet og legg til at dette er eit sjeldant høve til å få soppkorga si kontrollert av godkjend kontrollør.

Kaféleiar Milan Iliĉ freistar svoltne soppsamlarar med ein soppinspirert meny i kafeen og ei enkel suppe til dei som vil halde seg ute.

Soppdagen er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet og Nyttevekstforeningen i Ålesund og det er nittande året soppdagen blir arrangert.

Emneord: 
Kommune: