Alfred Hauge – ein sentral forteljar

Alfred Hauge. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Alfred Hauge. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Jan Inge Sørbø. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Jan Inge Sørbø. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Biograf Jan Inge Sørbø kjem til Ivar Aasen-tunet tysdag 29. september for å snakke om Alfred Hauge, ein av dei sentrale forteljarane i etterkrigslitteraturen. I år er det 100 år sidan forfattaren, mest kjend for utvandringstriologien om Cleng Peerson, vart fødd. Kvelden byd også på ein urpremiere.

Komponist Magnar Åm har nemleg sett melodi til nokre av Alfred Hauge sine dikt. Denne kvelden blir desse framført av koret Volda Vokal, under leiing av komponisten. To av melodiane har aldri blitt framført tidlegare.

Alfred Hauge sin forfattarskap krinsar om religiøse og eksistensielle spørsmål. I heimemiljøet hans i Ryfylke i Rogaland var det skepsis til kulturlivet, og den tidlege fasen av forfattarskapen handlar om å rydde rom for eit opnare kultursyn.

Hauge skreiv i mange sjangrar. Han var innom dramatikk, skreiv fleire diktbøker og gav også ut fleire samlingar med journalistiske tekstar. Sentralt i dikta hans står refleksjonane over dei ulike tidene i menneskelivet, den korte, forgjengelege tida og kontrasten i det evige sekund. Det som varer utover si eiga tid.

Han var likevel først og fremst forteljar, og hadde alltid eit stoff han ville formidle. Det handla om oppvekst i Ryfylke i mellomkrigstida, kulturelle konfliktar for ein bondestudent, forfølginga av kvekarar og utvandringa til Amerika, eller reiser i sinnet. Det same prega reportasjebøkene hans. Han ville fortelje ei historie, og fortelje henne godt. Nokre av bøkene hans nådde også langt ut. Cleng Peerson-bøkene blei selde i over 100 000 eksemplar.

Arrangementet er i samarbeid med Volda og Ørsta kyrkjeakademi.

 

For meir informasjon:

Programansvarleg Åshild Widerøe, tlf. 70 04 75 79, mobil 930 21 742

Kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid, tlf. 70 04 75 82, mobil 958 70 569

 

Emneord: 
Kommune: