ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Ragnar Hovland er ei av dei mest særeigne røystene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979 har han gitt ut over femti bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.
I den neste romanen til Hovland, Mørk sommar, vaknar historikaren Matteus Olstad av at politiet bankar på døra. Den nærmaste naboen, Olivia Havnen, er blitt drepen i løpet av natta, kvelt i si eiga seng. Same dag dukkar den ti år gamle niesa hans opp, for å bu hos han i sommarferien. Medan politiet arbeider med mordsaka, strevar Olstad med å få ferdig den definitive bygdeboka om Nes kommune. Mysteria i bygda blir djupare og djupare, i bakgrunnen ligg den skremmande skogen, og Olstad kjenner seg stadig meir sentral blant mange mistenkte.
Hovland skal samtale med Jan H. Landro, tidlegare journalist og kulturredaktør i Bergens Tidende. Landro har skrive ei rekkje bøker, og er i dag frilansjournalist og mykje brukt som samtaleleiar og føredragshaldar.
Bok og bakverk
– Bok og bakverk er eit arrangement på dagtid for alle som er interesserte i litteratur. Arrangementet er ikkje retta mot ei særskild aldersgruppe, så her kan alle som har høve ta turen, seier bibliotekar Siri Beate Gjerde. Ho presenterer eit utval forfattarar og les utdrag frå bøkene deira. Denne gongen er nokre av utdraga henta frå noveller av Olav Duun, Gaute Sortland, Gunnhild Øyehaug og fleire.
I praktverket Den nynorske litteraturhistoria av Jan Inge Sørbø, finn ein både presentasjonar av store og kjende forfattarar som Aasen, Duun, Vesaas og Garborg, og omtalar av forfattarar vi ikkje kjenner like godt. Under Bok og bakverk-arrangementa i haust vil bibliotekar Gjerde presentere kjende og ukjende forfattarar frå dei ulike sjangrane, lese frå bøkene deira og fortelje litt om kva plass dei har i litteraturhistoria. Bibliotekaren sørgjer også for rykande fersk bakst og kaffi, som gjestene kan kjøpe i kafeen.
Familiedag
Søndag 7. oktober er det familiedag med forfattar Rolf Losnegård og boka Det fantastisk geniale freseskyflyet. Det blir aktivitetsverkstad etter lesestunda.
Dato | Kva |
---|---|
08 mar |
Breaking Dad Ørsta kulturhus |
09 mar |
Bryggarmeisterskap 2019 Ørsta kulturhus |
14 mar |
Bukkene Bruse lager rumpebrann Ørsta kulturhus |
20 mar |
Thomas Brøndbo Ørsta kulturhus |
22 mar |
Konsert// Brothers in arms Ørsta kulturhus |
28 mar |
Havboka Ørsta kulturhus |
07 apr |
Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes med band Ørsta kulturhus |
20 apr |
PåskeRock 2019 Ørsta kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no