Set rettskriving på agendaen!

Jan Olav Fretland. Foto: Samlaget.
Jan Olav Fretland. Foto: Samlaget.
Norske skrivereglar. Samlaget.
Norske skrivereglar. Samlaget.
Norske skriveregler. Samlaget.
Norske skriveregler. Samlaget.
– I Noreg legg vi uvanleg lite vekt på det korrekte i språket, seier Jan Olav Fretland, førsteamanuensis i norsk. Saman med Aud Søyland har han gitt ut ei ny bok om skrivereglar i norsk. Onsdag 30. september 2015 kjem Fretland til Aasen-tunet for å snakke om korleis ein skriv rett.

Korleis var det no igjen med denne teiknsetjinga? Og skulle det vere stor bokstav i dette ordet? Det er mykje å lure på når ein skal skrive slik reglane seier. Ifølgje Jan Olav Fretland, som har vore sentral i norsk språkpolitikk og i arbeidet med nynorsk rettskriving i fleire tiår, er vi nordmenn litt for slepphente i omgangen med dei skriftlege språka våre.

– Det har vore ein tradisjon for at det ikkje er så farleg med rettskriving i Noreg. Det fører til at det er litt tilfeldig kva ein ser i mange ulike tekstar, og på Internett er dette veldig tydeleg, seier Fretland.

 

Avløyser Vinje

I mange år var Finn-Erik Vinje sine parallellutgåver på nynorsk og bokmål den autoritative kjelda for skrivereglar på norsk. No når Fretland og Søyland sine parallellutgåver har kome ut på Samlaget, er det nettopp med utgangspunkt i Vinje sine utgivingar.

– Vi har i alle år syntest at denne boka er veldig uoversikteleg. Så vi hadde lyst å lage i bok det er lettare å finne fram i. I tillegg finst der eit par område som ikkje er dekt i Vinje si utgåve, og det er for det første korleis ein skriv for skjerm. Er det lov å bruke smilefjes, og korleis skriv ein ei nettsak? seier Fretland.

Det andre aspektet i boka som er nytt, er knytt til manusarbeid. Her vil ein finne ei oppskrift på korleis ein skal gå fram når ein skal skrive lengre tekstar. Ikkje unyttig det heller.

 

Ulike kodar

– Men tidene endrar seg. Kva for utfordringar har vi dag med omsyn til rettskriving, samanlikna med til dømes for 20-30 år sidan?

– Den viktigaste skilnaden er at det er ein mykje breiare skriftkultur. I sms-kulturen og i debattforum er det andre krav, og det skal det vere. Det viktige er kvar vi stiller krav om at vi skal skrive korrekt. Innanfor sms-språket er det semje om at det er greitt å forkorte og skrive annleis. Samstundes vil dette seie at folk må meistre fleire skriftkodar enn tidlegare, seier Fretland.

 

 

For meir informasjon:

Programansvarleg Åshild Widerøe, tlf. 700 47 579 og mobil 930 21 742

Kommunikasjonsrådgivar Laila W. Lid, tlf. 700 47 582, mobil 958 70 569

 

Emneord: 
Kommune: