Siv-Elin Nærø og Lise Chapman er gjesteutstillarar i Galleri EogE.

Alle rettigheter: Siv-Elin Nærø og Lise Chapman.
Alle rettigheter: Siv-Elin Nærø og Lise Chapman.
Siv-Elin Nærø og Lise Chapman.
Siv-Elin Nærø og Lise Chapman.
Alle rettigheter: Siv-Elin Nærø og Lise Chapman.
Alle rettigheter: Siv-Elin Nærø og Lise Chapman.
Det store i det små. Av og til får ein største opplevinga med å sjå på dei minste detaljane. Det viser også den nye utstillinga på Galleri EogE.

Vi har lyst til å inspirere folk til å bruke augo når dei er ute. Ta seg tid. Gå nærare på. Det gir ei anna type oppleving når ein stoppar opp og ser på den måten. Siv-Elin Nærø og Lise Chapman er dei nye utstillarane på Galleri EogE i Fosnavåg. Siv-Elin Nærø er fotograf med erfaring frå nasjonale dagsaviser og vekepresse som Dagbladet, A-magasinet, KK og Henne. Lise Chapman er biolog og havforskar som også har vore ein ivrig amatørfotograf sidan ho starta med eit gamalt kasseapparat som barn. Begge er glade i naturen og med utgangspunkt i fotografia deira som utfyller kvarande, kom ideen om ei fotoutstilling.

Utvalde favorittar kring temaet har vorte plukka ut og trykt opp på kunstpapir, art-giclée. Det gir bilda både struktur og stofflegheit. Den røffe papiroverflata er med på framheve detaljane, og det er noko av meininga med utstillinga.

Vi vil vise fram detaljane, kome tett på – som igjen gir eit vidare perspektiv. Håpet er at vi kan peike på naturen si storheit gjennom dei små og nære utsnitta. Utstillinga viser alt frå eincella dyr til elefantar, og er eit studium i form og struktur. Fotografia er nummererte og kjem i avgrensa opplag. Bilda blir stilt ut i ulike størrelsar, men kan bestillast i andre format, og også kjøpast utan glas og rame.

Til saman stiller Nærø og Chapman ut rundt tjue fotografi.

Utstillinga opna laurdag 26. september og heng oppe ein månad framover.

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.