Tore Renberg aktuell med Trump-protestvise

Tore Renberg. Fotograf: Tommy Ellingsen.
Tore Renberg. Fotograf: Tommy Ellingsen.
Tore Renberg kjem til Ivar Aasen-tunet søndag 30. oktober. I tillegg til ny roman og ei plate som kom ut tidlegare i år, er han også aktuell med ei rykande fersk protestvise mot Donald Trump.

To veker før presidentvalet ønskjer Renberg at folk skal vakne og har laga ei protestvise med ein god porsjon humor. Han seier til Dagsavisen at «dette må være første gang i historien at en så ukyndig presidentkandidat stiller til valg. Han er bent fram en bølle som fornærmer kvinnfolk og innvandrere. Det har tippet helt over, til den grad at vi nå befinner oss i et politisk mareritt», og meinar at om Trump vinn valet, står verda ovanfor ei «galaktisk tragedie».

Tore Renberg er mest kjend som forfattar og den siste romanen hans har hausta strålande kritikkar. Du er så lys er ei ei nervepirrande forteljing om det vi ikkje får auge på. Den trettande romanen til den folkekjære og kritikarroste stavangerforfattaren er den første på nynorsk og vart nyleg nominert til Bokhandlerprisen 2016.

Den kjende forfattaren er også musikar, og har mellom anna samarbeidd med Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra og spelt i band med Karl Ove Knausgård. Tidlegare i år slapp Renberg sitt første soloalbum, Ingen nåde.

I Aasen-tunet les han frå den nye boka og kjem med songer og forteljingar. Og kven veit: Kanskje dukkar også Jarle Klepp, Helge Ombo og Hillevågsgjengen opp? Uansett kan du sjå fram til ein særeigen kveld med litteratur, musikk og godt drøs.

Tore Renberg debuterte i 1995 og har gitt ut ei rekkje romanar og barnebøker. Han har også skrive mykje for teater og film. Bøkene hans er omsette til tolv språk og særleg romanane om Jarle Klepp er mykje lesne, både i Noreg og i utlandet. Kompani Orheim fekk P2-lytternes romanpris i 2005 og Charlotte Isabel Hansen fekk Bokhandlerprisen i 2008. 

Emneord: 
Kommune: