Lær teiknspråk på familiedagen i Aasen-tunet

Ronny Patrick Jacobsen. Pressebilete. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Ronny Patrick Jacobsen. Pressebilete. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Liv Astrid Langnes. Pressebilete. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Liv Astrid Langnes. Pressebilete. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Ronny Patrick Jacobsen fekk stor merksemd då han nyleg teiknspråktolka den norske finalen i Melodi Grand Prix. Søndag kjem han til Aasen-tunet for å lære små og store teiknspråk. Det vert også aktivitetsverkstader knytt til teiknspråk.

Teiknspråk blir nytta av om lag 16 500 nordmenn, av dei 5000 døve. –På familiedagen ønsker vi å løfte fram teiknspråk som eit eige språk og gi publikum eit inspirerande og kjekt møte med teiknspråk, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan i Ivar Aasen-tunet, og håpar både ferske og erfarne teiknspråkbrukarar tek turen.

Ronny Patrick Jacobsen har lang erfaring som skodespelar og teiknspråktolkar, og jobbar til dagleg i Teater Manu med ulike oppsetjingar både for born og vaksne. I Aasen-tunet held han samlingsstund med eventyr, songar og andre aktivitetar på teiknspråk, og borna får aktivt ta del i programmet.

Rundt omkring i utstillinga blir det aktivitetar med og på teiknspråk, der borna både får lære teiknspråkalfabetet og prøve å kommunisere med kvarandre med enkle teikn.

Kafeen serverer nysteikte vaflar og butikken har gode tilbod på barnebøker.

Emneord: 
Kommune: