ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
-Kulturfeltet er hardt ramma som følgje av forbode med store folkemengder. Frå at dette skulle bli tidenes sommar for oss i Møre og Romsdal, ender feltet med å miste heile inntektsgrunnlaget sitt. Dette gjeld så vel kunst- og kulturinstitusjonar, som idrettslivet og frivilligheita, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen.
Vi har spurd eit utval av kulturaktørane våre om effektane koronasituasjonen har for dei. Aktørane var frå mellom anna festivalar, frilufts- og idrettsorganisasjonar i frivillig sektor, kulturorganisasjonar i frivillig sektor, kunst- og kulturinstitusjonar.
Det er gitt svært tydelege signal om svekka resultat for 2020, då mange av dei er avhengig av inntekter i turistsesongen. Koronasituasjonen vil påverke billettsal og inntening, og fleire har permittert tilsette. Det viser seg vidare at fleire fell utanfor nasjonale kompensasjonsordningar, særleg innan idretten i fylket.
-Det er gjennomført to større ringverknadsanalysar for kulturfeltet i 2018 og 2019. Desse analysane stadfestar at kulturfeltet skapar verdiar langt utover sitt eige felt. Aktiviteten skjer heile året. Når denne tek slutt, rammar avlysingane alt frå restaurant-, overnatting-, reiselivsbransjen til turisme generelt. Kulturfeltet skapar «liv og røre», og dette tok brått slutt med denne krisa. Dette er aktivitetar som gir ein jamn puls i fylket heile året. Den spreier glede, tilhøyrsle, entusiasme og gir dermed god helse i befolkninga i brei forstand. Vi ser framover og gler oss til dette er over, seier Wedlog Olsen.
Som første fylkeskommune i landet, lyser Møre og Romsdal fylkeskommune no ut fleire tilskotsordningar for kulturfeltet i fylket. Desse ordningane er:
Totalt sett har ordningane som mål både å sikre inntekt og å vere målretta mot enkelte aktørar. Det er lagt vekt på å kompensere og fylle ut for manglande nasjonale tiltak, på kort og mellomlang sikt. Nokre har også ein klar langsiktig, gjenoppbyggande effekt.
-Vi er særleg spent på kva effekt ordninga med tilskot til digital formidling til kunst og kultur vil ha. Ordninga skal vere eit bidrag til å halde aktiviteten oppe i feltet og auke auka produksjon og formidling av kunst og kultur på nye plattformer for alle aldersgrupper, seier kulturdirektøren.
-Med denne ordninga viser vi at vi ikkje berre vil støtte det profesjonelle kunst- og kulturfeltet. I tillegg legg vi opp til at folkebibliotek, frivillig verksemd og amatørverksemd kan søke om tilskot til profesjonelle bidrag i samarbeidsprosjekt mellom profesjonelle og amatørar. Sist men ikkje minst, ønsker vi å vise at vi ser alle dei leverandørane som vi så sårt treng til ein kvar tid heile året innanfor teknikk- , lys og lydtenester, avsluttar Wedlog Olsen.
Søknadsfristen er kort, då det er viktig for fylkeskommunen å få delt ut midlane raskt. Søknadsskjema til dei ulike ordningane blir opna seinast 30. april på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside. Merk at ordningar og retningslinjer kan bli endra etter vedtak i kultur-, næring og folkehelseutvalet 5. mai.
Ingen arrangement funne.
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no