Soppdag i Ivar Aasen-tunet

Soppdag: Foto: AGR
Soppdag: Foto: AGR
Sjølvplukka sopp kan gi deg mange smakfulle haustrettar, men du må vere sikker på at det er trygt å ete soppen du har plukka. Søndag 3. september arrangerer Ivar Aasen-tunet soppdag med soppkontroll.

 

I marka ovanfor Aasen-tunet finn ein soppar av mange slag, men dei aller fleste av oss treng eit blikk frå erfarne soppsakkunnige før vi legg skogens mat i gryta. Søndag vil Osvald Grande frå Nyttevekstforeningen i Ålesund vere til stades i Aasen-tunet for soppkontroll og gi råd og tips til dei som ønsker. – Vi vonar mange vil nytte høvet til å kome seg ut og plukke sikker matsopp, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan i Aasen-tunet.

Svoltne soppsamlarar kan også nyte ein eigen haustmeny med sopp i kafeen, til dømes ei krema soppsuppe og kyllingbryst med skogsoppsaus.

Soppdagen er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet og Nyttevekstforeningen i Ålesund og det er syttande året dette skjer.

Emneord: 
Kommune: