ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
I marka ovanfor Aasen-tunet finn ein soppar av mange slag, men dei aller fleste av oss treng eit blikk frå erfarne soppsakkunnige før vi legg skogens mat i gryta. Søndag vil kontrollør Osvald Grande frå Nyttevekstforeningen i Ålesund vere til stades i Aasen-tunet for soppkontroll og gi råd og tips til dei som ønskjer. Rune Pettersen leier ein sopptur i marka bak Aasen-tunet for dei som vil ha kyndig selskap undervegs. – Vi vonar mange vil nytte høvet til å kome seg ut og plukke sikker matsopp, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet og legg til at dette er eit sjeldant høve til å få soppkorga si kontrollert av godkjend kontrollør.
Kaféleiar Milan Iliĉ freistar svoltne soppsamlarar med ein soppinspirert meny i kafeen.
Soppdagen er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet og Nyttevekst-foreningen i Ålesund og det er attande året soppdagen blir arrangert.
Dato | Kva |
---|---|
19 feb |
Førpremiere: Back to the Future - for the world's sake! Ørsta kulturhus |
08 mar |
Breaking Dad Ørsta kulturhus |
09 mar |
Bryggarmeisterskap 2019 Ørsta kulturhus |
14 mar |
Bukkene Bruse lager rumpebrann Ørsta kulturhus |
20 mar |
Thomas Brøndbo Ørsta kulturhus |
22 mar |
Konsert// Brothers in arms Ørsta kulturhus |
28 mar |
Havboka Ørsta kulturhus |
07 apr |
Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes med band Ørsta kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no