Soppdag i Ivar Aasen-tunet

Kantarell. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Kantarell. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Gunda Djupvik. Foto: Tove K. Breistein.
Gunda Djupvik. Foto: Tove K. Breistein.
Søndag 4. september arrangerer Ivar Aasen-tunet soppdag med soppkontroll. Matentusiast Gunda Djupvik kjem og fortel korleis du syltar sopp, og ho har vore med og sett saman dagens haustmeny i kafeen.

Sjølvplukka sopp kan gi deg mange smakfulle haustrettar, men du må vere sikker på at det er trygt å ete soppen du har plukka. I år blir det ikkje sopptur med turleiar, men erfarne soppsakkunnige frå Nyttevekstforeningen i Ålesund vil vere til stades for soppkontroll og gi råd og tips til dei som ønskjer. – Vi vonar mange vil nytte høvet til å forsikre seg om at soppen dei har plukka er trygg som matsopp, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Aasen-tunet.

Bloggar og kokebokforfattar Gunda Djupvik kjem for å gi råd og tips om sylting av sopp. Ho har mellom anna skrive boka Safting og sylting heile året. Mellom soppsanking og syltetips kan du nyte ein haustmiddag med sopp i kafeen.

Soppdagen er eit samarbeid med Nyttevekstforeningen i Ålesund og det er sekstande året Aasen-tunet arrangerer soppdag.

Emneord: 
Kommune: