Familiedag med juleverkstad i Aasen-tunet

Familedag. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Familedag. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Søndag 6. desember er det familiedag med juleverkstad og adventsstund i Ivar Aasen-tunet. Boka Jakob og Neikob og det tomme rommet av Kari Stai set oss i julestemning og vil vere ei ramme for førjulsstunda i Salen og på fleire av verkstadane.

–  På juleverkstaden kan borna lage julepynt og fine julegåver, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Aasen-tunet, som lovar lun førjulsstemning. Stemingsfulle lyshus og nostalgiske julestjerner er berre nokre av tinga du kan lage på verkstadane.

Salen vil i år vere smykka med flott barnekunst, inspirert av boka Jakob og Neikob og det tomme rommet. Under førjulsstunda i Salen vil vi tenne lys og synge julesongar, med Steinar Høydal på piano. Vi les og viser boka, før borna kan ta med seg inspirasjonen vidare til juleverkstaden inne i utstillinga.

Over 200 born frå barnehagar i Ørsta, Volda, Herøy, Hornindal, Ulstein og Stryn har laga kunst som er inspirert av forteljinga og illustrasjonane til Kari Stai. Borna har lagt ned mykje arbeid i kunstverka som blir stilte ut inne i Salen i Aasen-tunet.

Julebutikken har mange gode tilbod og eit breitt utval varer. Her kan du finne nyttige julegåver mellom arbeidsøktene. Kafeen har graut med mandel til svoltne, små og store kunstnarar.

Emneord: 
Kommune: