Familiedag med spreke eventyr 5. februar på Ivar Aasen-tunet.

Isbjørn. Foto: Sigrid Henjum.
Isbjørn. Foto: Sigrid Henjum.
Sigrid Henjum. Foto: Peder Todnem.
Sigrid Henjum. Foto: Peder Todnem.
Det blir pølsebål i tunet, natursti opp til Høgetua, og inne får borna prøve seg som miljøforskarar når Aasen-tunet inviterer til familiedag søndag 5. februar. Eventyrar Sigrid Henjum kjem for å dele opplevingar frå Svalbard, Grønland, Sør-Georgia, Nordvest-passasjen og Mongolia.

Henjum kjem frå Leikanger i Sogn og er kjend frå mellom anna NRK-serien Fjellfolk. Ho driv Sogndal Lodge & Guiding og jobbar som både kokk, føredragshaldar og turguide. Sigrid har mellom mykje anna sykla Noreg på langs, gått på ski over Grønlandsisen og padla kajakk rundt både Sør-Georgia og Nordaustlandet på Svalbard. På søndag vil Sigrid fortelje og vise bilde frå turane sine.

Foredraget høver for born frå 4 år og oppover, men er også inspirerande for naturglade vaksne og eldre born. Etter foredraget kan borna gjere miljøeksperiment innandørs eller kose seg med aktivitetar utandørs.

Det blir fyr i bålpanna og høve til å kjøpe pølser til grilling, brød og lomper.

Naturstien har spørsmål om natur, dyreliv og geografi. – Vi kan røpe at det kan løne seg å følgje godt med på foredraget for å løyse oppgåvene. Det blir nemleg premiar til nokre heldige vinnarar av naturstien, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan, som håpar å sjå mange spreke og nysgjerrige store og små i Ivar Aasen-tunet denne dagen 

Emneord: 
Kommune: