Fjord Cadenza-festivalen 2019

Ole Edvard Antonsen. Pressebilete. Kjelde: Fjord Cadenza.
Ole Edvard Antonsen. Pressebilete. Kjelde: Fjord Cadenza.
Fjord Cadenza går inn i sitt 26. år, og frå 10. til 18. august kan ein oppleve musikalske høgdepunkt på rekkje og rad rundt om i heile distriktet. Festivalen vert den største i omfang i Fjord Cadenza si historie, og vi byr på arrangement både ved fjord og fjell på mange spennande scener og eit imponerande program på svært høgt nivå.

Det heile startar med opning av kunstutstilling på Jentekolonien på laurdag 10. august, der Evy Nupen er årets spennande festivalkunstnar. Opningskonserten på Gomerhuset byr på ingen ringare enn Marianne Beate Kielland som er rekna som ein av verdas beste mezzosopranar. Saman med vinnar frå fjorårets Virtuos på NRK, Birgitta Elise Oftestad, vert ho solist saman med det anerkjente strykeorkesteret Trondheimsolistene. Dei eldste deltakarane frå Ålesund Orkesterskule vil også ha innslag på konserten. Trondheimsolistene vil saman med solistane også vitje Molde Domkirke dagen etter.

Finalen for DNBs nasjonale solistkonkurranse har blitt arrangert under Fjord Cadenza i 9 år, og årets finale går av stabelen søndag 11. august i Gomerhuset. I fjor var det den 14 år gamle trekkspelaren Mathias Rugsveen som vann konkurransen med sitt fantastiske talent. Tidlegare vinnarar har gjort suksess både nasjonalt og internasjonalt, og vi får gjensyn med nokre av desse under årets festival.

Vi vil også få gjenhøyr med Marianne Beate Kielland og Birgitta Oftestad når dei saman med akkompagnatør Yuka Schneider på klaver vil by på ein heilt unik intimkonsert på det vakre Storfjord Hotel måndagskvelden, der publikum verkeleg kjem i nærkontakt med artistane. Intimt vert det også når vi får urframføring av «Snirkelsongar» på Stavset Skule onsdagen. Her vil Heidi Skjerve synge ærlege og nære tekstar på nynorsk Musikken er laga av Sondre Ferstad (munnspel) spesielt for bandet med Vegard Bjerkan på trøorgel og Kyrre Laastad på trommer. Same kvelden (onsdag), kan ein også få med seg ei unik førestilling i den flotte Nerskøyløa. Her vil Inger Bakke og Ferdafolk gi ein introduksjon til biografien «Minder frå forfædrane» der vi får høyre eit utval av den flotte folkemusikken som vart samla, knytt saman i ei spennande historieforteljing.

Eitt av høgdepunkta under årets festival er konserten «Utsyn mot havet» på Parken Kulturhus i Ålesund, der Flint Juventino Beppe har urframføring av sitt nye verk «Operientes Mare». Den norskfødde komponisten har to Grammy-nominasjonar under beltet, og når verket vert framført av eit handplukka internasjonalt symfoniorkester under leiing av Rune Bergmann, så er dette absolutt verdt å få med seg. Marianne Beate Kielland vert også solist på denne konserten.

Fredagen har ein høve til å delta på fjordcruise frå Ålesund til Geiranger. Her kan ein oppleve verdas vakraste natur inn gjennom verdsarvfjorden, ein kan ta del i ei unik konsertoppleving inne i Olivingruva i Norddal, og det vert vidare konsert på kaia i Geiranger før båten legg frå kai tilbake til Ålesund. Fredagskvelden vil også Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen invitere til Skodjekveld i Skodje Kyrkje, der eit knippe av musikarar med røter frå Skodje vert presentert. Magne og Charlotte vert også å høyre seinare denne kvelden når dei saman med Bjørnar Myhr byr på Operapub på Nerskøyløa.

Laurdagen inviterer vi til INTRO familieforestilling «Inne i Mozarts hode» på Jentekolonien. Charlotte Fongen tek med seg den kjende «vocal sound artisten», Ruth Wilhelmine Meyer og Bjørnar Myhr på denne spennande førestillinga for heile familien.

Vi gjentek vidare fjorårets suksess - Mountain Cadenza på Roaldshorn der vi byr på ein spennande konsert i eller ved paviljongen ved toppen av gondolen. 

Ole Edvard Antonsen vert rekna som ein av verdas leiande trompetistar. Saman med bandet sitt og vårt internasjonale festivalorkester vil han ta med publikum på ei reise gjennom ei rekkje musikalske stemningsbilete i ulike sjangrar – under tittelen «Musikalske Landskap». Denne førestillinga vil gå av stabelen i Fosnavåg på laurdag kveld før den blir ein del av den store avslutningskonserten på Gomerhuset på søndag ettermiddag.

Velkomen til Verdas Vakraste Musikkfestival, 10. – 18. august!

Kommune: